Korleis er kurset bygd opp?
Kurset er bygd opp av 12 ulike leksjonar. Leksjonane er laga som postar i ei orienteringsløype, og dei er lagde inn i to løyper, ei lett løype, post 1–6, og ei litt vrien løype, post 7–12.
I kvar leksjon finn du fleire skjermbilete der du blar deg vidare. Det er mange aktivitetar undervegs, og delar av teksten er markert med grøn eller raud farge som ein kan klikke på og få fleire opplysningar.
Lett løype
Den lette løypa, postane 1–6, er tenkt for nybyrjarar. Her tek vi opp dei mest grunnleggjande momenta du må kjenne til for å kome i gang med orientering. Du blir kjend med kartet og lærer å sjå samanhengen mellom kart og terreng.
Litt vrien løype
Postane 7–12 tek føre seg nokre moment som er rekna for å vere litt vanskelegare, som til dømes bruk av kompass og tolking av høgdekurver. Denne løypa passar best for elevar som har litt erfaring med orientering frå før. Du bør gjennomføre begge løypene i den rekkjefølgja som står på startsida, for tekst og oppgåver byggjer på kvarandre.